Fristadsenteret AS Åmot sentrum  3890 Vinje  Tlf: 35 07 11 00  Epost: varehussjef.vinje(at)elkjop.no
Toppleiligheiter i Åmot sentrum

Nye leiligheter klare til innflytting!

Kun to ferdige igjen... (nr. 15 og 17)

Nr 15 og 17er no ferdigstilde og lagt ut for sal.

Ligg på FINN under kode: 44071043

Ta kontakt for uforpliktande visning. Sjå under.

 

23 topp moderne leiligheiter midt i sentrum. God utsikt, høg standard, romsleg og minimalt behov for vedlikehald. Ei behageleg buform og ei god investering. Fleire leiligheiter på toppen av det nye Fristadsenteret i Åmot er no lagt ut for sal.

Desse bør sjåast,- kanskje finn du draumebustaden din...

 

Dette er sjølveigarbustader med høg grunnstandard og mange moglegheiter for eigne tilpasningar. Då det er bygd to rekkjer med bustader med stort friareal imellom har alle vindaugo mot to sider. Dette gjer leiligheitene ljose og trivelege med 2-3 soverom kvar. Alle har romslege stover med god utsikt og direkte tilgang til eigen balkong eller terrasse.

 

Leiligheitene med terrasse mot nord/sentrum er på 79m2 BRA (bruksareal) og 86m2 BTA (bruttoareal) Dei med balkong mot sør er på 88,4m2 BRA og 95m2 BTA.

 

I kjellaren er det ein bod til kvar leiligheit på 5m2. Heis og trapp går frå kjellar via bakkenivå og opp til leiligheitene på toppen. Alle gangbanane til leiligheitene har overbygd tak med ljos.

 

Standard

• Flislagde bad m/varmekablar

• 90x90cm dusj i herda glas

• Servant m/skåp, spegl og ljos

• 14mm parkett i alle opph. rom

• Kjøkken av typen Epoq Fasett Hvit el tilsvarande med fliser over benk

• Garderobeskåp i alle soverom

• Dørklokkesystem frå dør nede og opneknapp i leiligheit

• Utekontaktar framme og bak, og uteljos

• Felles brannvarslingsanlegg med eigen avstillingsknapp

• Kontaktpunkt for telefon, breidband og parabol/bakkenett

 

Tilval etter ynskje

• Pipe til ovn eller peis

• Flislagd gang med varmekablar

• Endring av romløysingar og/eller materialval

• Spesielle ynskje/behov elles

 

 

Prisar:

nr: 15 kr: 2.670.000,- (to bad og tre soverom sjå alt. 2 under)

nr: 17 kr: 2.620.000,- (eit bad og to soverom sjå alt. 4 under)

Felleskostnader vert fastsett av sameige og ligg pt på 1.100,-/mnd.

 

For meir informasjon kan du nå oss på tlf 40 40 40 25 , eller e-post: drift.vinje@elkjop.no

Sjå finn.no annonse 44071043

 

Klikk på bileta for å sjå dei større.

Oversikt over leiligheiter

 

Leiligheit alternativ 2

Leiligheit alternativ 4

Leiligheit alternativ 6

Leiligheit alternativ 6 speilvendt

Leiligheit alternativ 7

Leiligheit alternativ 7 speilvendt


 

 

 

 

 

Utforming: kandesign