Tiltak på Fristadsenteret vedr. Koronasituasjonen

Status på senteret per 15/3
Lokale myndigheiter gjer ein kjempejobb i desse dagar for å ta vare på eigne innbyggjarar og legge til rette for at lokalsamfunna skal fungere best mogleg, sjølv om me går ned på eit minimumsnivå i ei krevjande tid.

På Fristadsenteret held Extra, Apotek1 og Vinmonopolet ope til vanlege tider. Draumheim, Hos Lise, Elkjøp, Jernia og Sport1 vil halde ope 10-17 alle vekedagar, men stengt på laurdagar. Vinje Pizza & Grill har fått pålegg om å stengje heilt, også for take away bestillingar.

Ettersom trafikken i mange av butikkane no er kraftig redusert og sannsynlegvis kjem til å vere det ei tid framover, er mange av oss som jobber der heilt eller delvis permittert og bemanninga redusert til eit minimum.

Me set stor pris på kvar og ein av dykk som vel å nytte oss også i denne spesielle tida og me gjer alt me kan for at me alle skal kome oss gjennom dette på best mogleg måte.

Om du ikkje har høve til å koma, eller ynskjer kontakt med oss, finn du kontaktinfo lenger ned.

Me kan gjere varer klare for henting og evt hjelpe med levering,- ta kontakt!

Inne på senteret ber me alle fylgje dei instruksane som er sett opp:
– Vask hender med antibac og bruk gjerne eingongshandskar
– Hald avstand til andre
– Ikkje ta på meir enn du må
– Ikkje kom fleire enn nødvendig
– Har du sjukdomssymtom så ring oss, i staden for å koma innom.

No er tida for å ta vare på og hjelpe kvarandre. Spør kjende og kjære om det er noko du skal ordne for dei, om du allikevel har andre ærend.

Velkomen til Fristadsenteret!

Fristadsenteret i Åmot i Vinje er eit kjøpesenter kor målet er at du som besøkjande skal få ordna mest mogleg. 

Med over 7000m2 og nokre av landets beste kjedekonsept og butikkar på plass, er me stolte av å kunne ynskje velkomen til oss.

Her møtest fastbuande og besøkjande frå heile regionen, og me gjer det me kan for at alle skal verta nøgde,- velkomen skal du vera!


Fristadsenteret AS
Åmot sentrum
3890 Vinje
Tlf: 35 07 11 00
storemanager.vinje@elkjop.no

Link til Google Maps 

Butikkar


COOP EXTRA
1.300m2 flott dagligvarebutikk kor du finn alt du treng til kvardag og fest, utan å betale meir enn du må.
Opent 08 – 21 mån-lør
Tel: 35 06 30 60

Les mer
ELKJØP STORMARKED VINJE
Vest-Telemarks største elektrobutikk med levering etter avtale i heile Vest-Telemark og øvre delar av Setesdalen.
Opent 09 – 17 (10-15)
Tel: 35 07 11 00

Les mer
JERNIA VINJE
Vinjes største krambu! – Klassisk Jerniabutikk med det du har bruk for. Alt du treng til hus, hytte og hage.
Opent 09 – 17 (10-15)
Tel: 35 07 11 00

Les mer
SPORT1 VINJE
Ekte sportsbutikk som hjelper deg me utstyr og klede til fantastiske turopplevingar og harde konkurransar.
Opent 09 – 17 (10-15)
Tel: 35 07 11 00

Les mer
DRAUMHEIM
Draumheim har alt av dyner, puter, gardiner, handklede, pynt og nyttegjenstandar til heimen.
Opent 10 – 17 (10-15)
Tel: 477 08 401

Les mer
HOS LISE
Den populære motebutikken for bevisste jenter og damer. Ny undertøyavdeling og fleire nye spanande merker.
Opent 10 – 17 (10-15)
Tel: 940 35 304

Les mer
APOTEK 1
Apotek med stor butikk og reseptutlevering.
Opent 10 – 17 (10-15)
Tel: 35 06 30 10

Les mer
VINJE PIZZA OG GRILL
Pizzeria og gatekjøkken.
Opent mån-fre 10-22, fre-lør 10-23, søn 13-22.
Tel: 41 44 25 03

Les mer
MOUSTAFA’S SYSTOGE
Opent:
Mån,tys,ons,fre 09-17
Torsdag 10-18
Tlf: 46367771

Les mer
VINMONOPOLET
Vinmonopolet i Vinje finner du på Fristadsenteret.

Les mer
 
 

Kontakt oss


Ta kontakt om du er interessert i å starte noko i Åmot, ynskjer lokale, eller har tilbakemeldingar eller idèar.

Kontakt: Fredrik Damberg 91146226

Epost: drift.vinje@elkjop.no

Aktuelt


Ikke noe nytt å vise akkurat nå.