Velkommen til Fristadsenteret

Publisert: 28.01.2019 14:01

Fristadsenteret ligg i Åmot, kommunesenteret i Vinje Kommune. Strategisk plassert ved E134 ligg senteret som i dag har over 7 700m2 næringsareal, 38 leilighetar på toppen og ein stor offentleg parkeringskjellar under.

Åmot har etterkvart utvikla seg til å bli eit etablert handelssentrum i regionen med eit breit handels- og tenestetilbod kor dei fleste får ordna det meste.  Det er enkelt å koma til og parkere rundt heile senteret for køyrety i alle storleikar.

Velkomen til oss!